RSS

William Shaw – FUGLEKIKKEREN

21 Jul

Ei bok som lover litt mykje

Alexandra Cupidi er kriminaletterforskar i London, men vert omplassert på Kent-kysten, etter eit forhold til ein overordna kollega. Der skal ho jobbe saman med den lokale betjenten William South.

Sjølv om South har holdt seg unna drapssaker, vert den fyrste saka til Cupidi eit drap. Offeret, ein fuglekikkar-venn av South, vert funne mishandla i ei trekiste i sin eigen heim.

Medan dei etterforskar saka, utviklar det seg eit vennskap mellom fuglekikkaren South, og den rebelske tenåringsdottera til Cupidi, Zoe.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du sluker alt av britisk bygdekrim, og likar krimheltar som har rota til liva sine såpass, at dei må flytte og starte på nytt.

(2016)

Vurdering:

Plottet – 8
Den nyinnflytta etterforskaren må samarbeide med den lokale ploitimannen, når ein av hans fuglekikkarkolleger vert funnen drepen i sin eigen heim.

Karakterane – 8
William South er ein fin og lun karakter, med ei mørk historie frå sin oppvekst i Nord-Irland. Saman med den unge rebellen Zoe og ambisiøse Alexandra, utgjer dei ein litt odd, men likandes trio.

Miljøskildring – 8
Omtalen av Kent-kysten er kanskje det beste handverket i denne boka.

Språket – 8

Starten – 8

Sidesnuing – 7

Tempo – 7
Er det lov å seie at det går litt sakte?

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Fin stemning i historia, men det går litt sakte, og det er ikkje så fengande som ein skulle ønske. Spesielt sidan Peter May, mannen bak Lewis-trilogien, anbefaler boka varmt i ein blurb på framsida.

Avslutninga – 7

TOTAL: 7,5

Reklame
 
Kommenter innlegget

Posta av den 21/07/2019 tommar england, kent, politi, shaw

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: