Fransk pionér
Monsieur Godeuil er ein nyutdanna lege Paris, og vert kjent med mannen som bur rett over gangen. Denne, Monsieur Mechinet, viser seg å vere etterforskar, og endar opp med å ta med seg Godeuil ut på ei sak, der ein eldre mann er drept.
Den døde har skrive namnet på drapsmannen i sitt eige blod, og den skuldige vert arrestert. Men så finn Godeuil ut at den arresterte ikkje kan vere den skuldige, men då har mannen allereie tilstått.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar gamle historier, og er interessert i korleis krimhistoriene var i starten, og dette er ei av dei aller fyrste detektivhistoriene.
(1876)
Vurdering:
Plottet – 9
Ein eldre mann vert funnen drept, og den antatt skuldige vert arrestert og tilstår. Men så finn hovudpersonen ut at dette ikkje kan vere drapsmannen.
Karakterane – 8
Sjarmerande og smarte hovudpersonar. Måten dei fiskar ut informasjon frå folk går mange moderne krimheltar ein høg gang.
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Språket er ikkje heilt moderne, av openbare grunnar. Det er litt mykje surr og rot i forteljinga, spesielt i starten, og litt lett å miste tråden, men det tek seg opp.
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Det er ei fascinerande historie, og veldig rart å sjå for seg at dette er 140 år gammalt. Duoen minner nok litt om Sherlock Holmes og Dr. Watson, men Mechinet er ikkje på langt nær portrettert som det geniet Holmes er. Metodene, sjarmen og måten dei nøstar opp i spora på, er veldig likandes.
Avslutninga – 8
TOTAL: 7,7