Nygammalt bekjentskap
Under kaoset i kjølvatnet av ein kollisjon, der folk kjem til for å hjelpe, forsvinn eit spedbarn frå ei barnevong. Jenta som trilla vogna, har ikkje fått med seg at nokon tok babyen.
I området rundt Frognerparken finst det flust med potensielle gjerningspersonar. Blant anna to gutar som har diskutert om det er mulig å kidnappe eit spedbarn, samt ei kvinne som har innbilt både mannen og venninnene om at ho er gravid.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar best dei gamle svart/kvitt-krimmane, med den piperøykande etterforskaren med lang grå frakk.
(1959)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein baby forsvinn frå barnevogna si, under kaoset som oppstår etter ein kollisjon ved Frognerparken.
Karakterane – 7
Klassiske etterforskarar, som me kjenner igjen frå gammal svart/kvitt-krim på tv.
Miljøskildring – 6
Språket – 6
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ei grei krimhistorie. Litt seig, men det hjelp at det er ei parallellhistorie med ei kvinne som narrar mannen sin, som er på havet store deler av tida, og alle ho kjenner, om at ho er gravid. Og ho er i Oslo samstundes som babyen forsvinn.
Avslutninga – 7
TOTAL: 6,7