Spøkelser og filming på Sørlandet
Hevneren på Hagan er eit gammalt spøkelse som går igjen i området rundt Hagan Aldersheim, ein stad på Sørlandet. Ein kveld går bestyrar Olga Lund ut, for å sjå etter Elvira Lorentzen. Lorentzen er ei eldre dame, som bur på heimen, men no har romvenninna henna etterlyst henne, sidan ho ikkje har kome heim, sjølv om det er etter midnatt. Dei andre meiner ho ikkje bør gå ut så seint, på grunn av spøkelset. Men Olga Lund går ut, og i hagen finn ho Elvira død. Drept.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har ei svakheit for gammal krim, med eit snev av spøkelseshistorier.
(1957)
Vurdering:
Plottet – 7
Ei eldre kvinne vert funnen død utanfor aldersheimen sin. Ein ung mann teltar i området for å filme, og å jakte på nye talent til filmane sine.
Karakterane – 7
Eit spennande galleri av gamle damer, ein ung filmfyr, og ei spesiell ung jente han har festa blikket sitt på.
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 6
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ei veldig forskjellig bok frå Spedbarn Kidnappet i Frognerparken. Miljøet er litt meir spennande her, ein aldersheim for kvinner, der nokre trur på spøkelser, andre ikkje huskar så godt, og andre igjen er amatørdetektivar.
Avslutninga – 7
TOTAL: 6,8