Inspirert av ei sann sak
Ei rik, gammal kvinne døyr av ei overdose morfin, og legen hennar arvar både huset og ein stor pengesum. Som om ikkje det skulle vere mistenkeleg nok, så har legen også skrive i avisene, om aktiv dødshjelp.
Boka er basert på ei engelsk sak, der ein lege var anklaga for å ha gitt pasienten sin ei overdose morfin.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er fascinert av giftmord, arv og legar som prøver å reinvaske seg sjølv.
(1958)
Vurdering:
Plottet – 7
Ei eldre kvinne døyr av ein overdose morfin, og mistanken fell automatisk på legen, som også er arving av både villa og formue. Ein nærare kikk viser at det er fleire av pasientane til doktor Lier som har sovna stille inn, etter at han flytta til bygda.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 6
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Lege/pasient-krim, med ein tvist. Alle disse fem Brøggerbøkene har vorte høyrt på lydbok, og dei går fort unna, utan å sette seg så veldig fast i minnet. Imponerande at alle fem er heilt forskjellige, og med såpass høg kvalitet.
Avslutninga – 7
TOTAL: 6,8