Sterk avslutning
Den siste boka om Rino Carlsen, gitt ut etter at Frode Granhus døde.
Ein mann vert funnen, naken, forslått, og lenka til båsen i ein gammal, forlatt fjøs. I fjøsen har nokon skrive «Den som kunne ha forhindret», og Rino meiner saka kan ha samanheng med ei gammal dyremishandlingssak, og at det dreier seg om hevn.
Samstundes ser bygdas tidlegare lensmann på ei sak han aldri klarte å løyse, der ei elleve år gammal jente forsvann frå heimen sin, på 17.mai i 1972. Ho var aldri funnen.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar god, spennande krim i storslåtte omgivelsar.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein mann vert funnen mishandla, og politiet mistenker at det har samanheng med ei 25 år gammal dyremishandlingssak. Parallelt prøver den gamle lensmannen å løyse ei sak frå tidleg 70-tal.
Karakterane – 9
Spesielt gamlelensmannen Berger Falch er bra i denne boka, men den nye politiaspiranten bringer også med seg ein ny dimensjon.
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ein god og spennande krim, som er vanskeleg å legge frå seg. Språket flyt, historiene viklar seg inn i kvarandre på glimrande vis.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,3