Ny seriemordar for Joona Linna
Den svenske utanriksministeren vert brutalt slakta ned i ein luksusvilla, med ei ung eskortepike som vitne. Ho har overlevd angrepet, og fått med seg beskjeden frå drapsmannen: «No kjem helvete til å sluke dokke alle».
Joona Linna vert henta ut av fengsel for å bistå Saga Bauer i jakta på det som viser seg å vere ein seriemordar. Og midt i suppa står ein kjend tv-person, den sliten tv-kokken Rex.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intense krimsaker, med masse fart og spenning, og full av smarte vendingar som lurer deg gong etter gong.
(2016)
Vurdering:
Plottet – 9
Ein seriemordar er i ferd med å hevne noko som har skjedd for mange år sidan. Linna og Bauer finn ein samanheng mellom ofra, og peilar seg ut kven som er neste på lista.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 8
Språket – 10
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Nok ei god Kepler-bok. Spennande, smart, godt samansydd. Nokre stader er det litt surr, som ikkje har med sjølve saka å gjere, som dreg litt ned. Det kan verte litt mykje av kjendiskokken, til tider.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,3