Fyrste om Gabriel Navarseth
Den fyrste boka i Gabriel Navarseth-trilogien. Elven er nummer to.
Ein lokal forretningsmann forsvinn, og politiet må finne ut om det er fordi han har samarbeida med tyskerane, eller fordi han har motarbeida dei.
Sidan Gabriel Navarseth snakkar flytande tysk, havnar han i ein skvis, som mellommann mellom det norske politiet, og den tyske okkupasjonsmakta. Gjennom etterforskinga opplever han stadig ubehagelige øyeblikk, då han må konfrontere høgståande tyskerar på deira eiga «heimebane». Og så hjelp det heller ikkje at han utviklar eit forhold til ei kvinne som er gift med ein tysk offiser ved austfronten.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er interessert i sterke serier, og dette er ein av dei bedre krimtrilogiane på ei stund.
(2014)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein trøndersk forretningsmann forsvinn, og Gabriel Navarseth må langt inn i det tyske okkupasjonsmiljøet i Trondheim for å finne ut av det.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 10
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ein svært sterk debut. Språket og miljøskildringa er svært bra. Det går litt trått i starten, med mykje etablering, men det tek seg opp.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,3