Vi Menn-krim
Det osar av 90-tals machokrim av denne.
Rettsantropologen Bill Brockton, som driv ein likfarm (der han finn ut korleis menneskekroppen blir broten ned, for å hjelpe politiet), må hjelpe rettsmedisinar Jess Carter med å finne ut korleis ein ung mann døde. Offeret vart funne ståande, knytta til ei trestamme, i dameklede.
Underveis skjer det ting på likfarmen, og duoen havnar sjølv i sentrum for dramaet.
(2013)
Vurdering:
Plottet – 6
Ein rettsantropolog hjelper ein rettsmedisinar å finne ut kor lenge eit drapsoffer har vore dødt, før saka utviklar seg, og dei begge to står i sentrum for begivenheitene.
Karakterane – 6
Den mannlege hovudpersonen er ein macho type, i ei slik grad at ein ikkje har sett liknande uironisk i krimlitteraturen sidan 90-talet.
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 6
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 6
Denne boka er nok meir spennande om du er oppteken av korleis kroppen vert broten ned, enn av krim. Ein av dei to forfattarane (Bill Bass og Jon Jefferson) er faktisk rettsantropolog og har ein slik likfarm, i følge omslaget. Men boka er tung, seig og ikkje spennande, og heller ikkje særleg bra skrive. («Nyhet: rett i pocket»-lappen på fronten varsla vel egentlig dette)
Avslutninga – 7
TOTAL: 6,7