Svært lovande bekjentskap
Det luktar litt Agatha Christie, når Kriposetterforskar vert invitert til ei isolert øy i Nordfjord, for å delta på eit nytt mysterieløysingskonsept.
Etter kvart viser det seg sjølvsagt at dette ikkje berre dreier seg om å teste ut eit potensielt turistkonsept, men noko litt mørkare.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar eit godt lukka rom-mysterie.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei gruppe mennesker møtes for fyrste gong i eit hus på ei øy utanfor Nordfjord. Det er ein måte å kome seg hit, og same veg tilbake. Men fergemannen kjem ikkje kvar dag. Gruppa vert sett til å løyse gamle mysterier, men etter kvart vert det tydelig at det ikkje er disse mysteria dei er her for å løyse.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 9
Dette startar svært lovande. Spennande mysterier, ei enorm forventning og ei setting som har levert mange gonger tidlegare.
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Boka startar svært bra, og ein undres undervegs om forfattaren klarer å levere alt han sparkar opp til i dei fyrste delane…
Avslutninga – 7
…det klarer han dessverre ikkje. Det vert for lite spennande, og for tynn suppe mot slutten.
TOTAL: 7,8