Ubehagelig og spennande
Stockholm vert rysta av ei rekke drap på harde kriminelle, og det er mistanke om at det er eit oppgjer mellom forskjellige grupperingar.
I sentrum står politietterforskar Carl Edson, og den pågåande journalisten Alexandra Bengtsson.
Ein fantastisk krim, men i overkant ubehagelig og eksplisitt til tider.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har noko imot at utbroderingane til tider blir litt i drøyaste laget.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Funnet av ein kriminell mann, spikra opp i ein låve, vert fulgt av funnet av fleire drepne kriminelle i Stockholmsområdet. Politet står utan anna spor enn eit potensielt internt oppgjer.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 9
Akkurat slik ein ønsker. Hekta før det har gått 20 sider. Eller kanskje 30.
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 9
Sjølve historia er kanskje ikkje den mest originale, men det er twistar og overraskingar heile vegen, og alltid spennande.
Den gode kjensla – 8
Spennande og intrikat, litt minus for bruk av eksplisitte sjokk-grep, som ein oftast ser i litt dårlegare krim.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,4