RSS

Michel Bussi – TIDEN ER EN MORDER

13 Jul

Spøkelser frå fortida

For 27 år sidan køyrde ei familie på 4 utfor ei klippe på Korsika. Foreldra og sonen døydde, men den yngste, ei jente, overlevde på mirakuløst vis.

No er Clotilde 42, og tilbake på øya for fyrste gong, saman med mannen og tenåringsdottera. Ho får eit mystisk brev frå den avdøde mora, og mistenker at nokon held henne for narr, samstundes som ho ikkje klarer å la vere å tenke; kva om ho også overlevde?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar at ei krimbok skal vare lenge, og ikkje sluttar når den er på sitt beste.

(2016)

Vurdering:

Plottet – 8
Kvinna som mista familien sin som 15-åring, er for fyrste gong tilbake på staden der det skjedde. Bestefaren hennar bur her framleis, og nokon prøver å overbevise henne om at mora også er i live, og at alt med ulukka ikkje er slik ein trur.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 9

Språket – 9

Starten – 9

Sidesnuing – 9
Ei massiv bok, mange parallelle historier og sidesprang, og alt er knytt saman på ein måte som gjer at du knapt kan legge den frå deg.

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 9
Du veit du kjem til å verte overraska, men klarer ikkje heilt å sette fingeren på korleis det skal skje, og kvar gong du trur du har ei aning, vert du overraska på nytt.

Den gode kjensla – 9
Ei svært god leseoppleving. Kanskje ikkje heilt på nivået til Etter Styrten, men likevel veldig bra.

Avslutninga – 8
Ingen lause trådar.

TOTAL: 8,6

 
Éin kommentar

Posta av den 13/07/2020 tommar 90-talet, bussi, camping, frankrike, korsika

 

One response to “Michel Bussi – TIDEN ER EN MORDER

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: