Den vanskelege andreboka
Bok nummer to om Hurum-lensmann og einstøing, Thomas Tinnvik.
Det startar med at lensmannen finn ein død katt, som har truleg har vorte kutta med kniv.
Så døyr lensmannens gamle venn, jomfru Parelius, nyttårsaftan, under eit stort selskap i sitt eige palass. Det virkar som eit regissert farvel. Ei bok har forsvunne frå boksamlinga til den døde, og lensmannen forhøyrer seg om den, utan å legge for mykje i det.
Samstundes kjem ein ung mann til bygda, og minner lensmannen om noko som skjedde ein gong for lenge sidan. Noko som får lensmannen til å planlegge eit drap.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte Stjerner Over, Mørke Under
(2018)
Vurdering:
Plottet – 7
Kvifor forsvinn ei tilsynelatande verdilaus bok frå samlinga til jomfru Parelius, før ho døyr? Og kva slags minne frå hovudstaden er det som får lensmannen til å planlegge drap?
Karakterane – 8
Spesielt hovudpersonen er ein interessant og rik type, som tek mykje plass.
Miljøskildring – 9
Omtalen av Hurumlandet på 1870-talet er fascinerande.
Språket – 8
Starten – 6
Sidesnuing – 6
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 6
Tida historia er sett i, og fortellarevna til forfattaren er høgdepunkta. Som krim er den litt for daff, og ikkje særleg spennande.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,0