RSS

Lars Kepler – SANDMANNEN

29 Jul

Siste tango med Jurek Walter

Bok nr 4 om Joona Linna. Oppdaga at det var eit hol i samlinga, har tidlegare lest 1-3 og 5-7.

Eit av offera til Jurek Walter, som Joona Linna sette i fengsel for fleire drap for 13 år sidan, dukkar plutselig opp i live. Mikael Kohler-Frost har vore fanga i ein betongbunker halve livet, og fortel no at lillesøstra hans også er i live. Med Jurek Walter framleis innesperra, blir det eit kappløp med tida for finne jenta, og Linna får også bekrefta teorien sin om at Walter må ha ein medhjelpar på utsida.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi ekteparet Ahndoril, som står bak pseudonymet Kepler, til tross for ein del irriterande småting i denne boka, er blant verdas beste til å skrive god krim. 

(2012)

Vurdering:

Plottet – 9
Ein ung mann vert funnen langs jernbaneskinnene, tynnkledd i snøen. Det viser seg at mannen er eit av offera til massemordaren Jurek Walter, og har vore sakna i årevis, og vart erklært død sju år tidlegare. Og han fortel at søstera hans, som også forsvann, også er i live.

Karakterane – 9
Brei og god blanding, heltar som utfyller kvarandre godt, og skurkar på fleire arenaer.

Miljøskildring – 9

Språket – 8

Starten – 8

Sidesnuing – 8

Tempo – 9

Forutsigbarheit – 9

Den gode kjensla – 8
Glatt og polert krim av beste sort. Det er ein del småting å setje fingeren på, blant anna at den unge guten, som har vore fanga halve livet, i 13 år, i eit mørkt betonglokale, har så rikt og velutvikla språk. Og at dei farlege situasjonane som regel løyser seg litt for enkelt for hovudpersonane.

Avslutninga – 8

TOTAL: 8,3

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: