Skumle legender på Shetland
På Shetland prøver ei kvinne å begrave sin nylig døde hest på den nye garden ho har kjøpt. Men under gravinga finn ho levningane av ei kvinne, som ikkje ser ut til å ha vore død så lenge, og som ser ut til å ha vore offer for eit slags rituelt drap.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim basert på skumle myter og legender.
(2008)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein nyinnflytta gynekolog på Shetland, finn eit lik i hagen på garden sin. Ho vert nysgjerrig på kva som kan ha skjedd, og spora fører mot ei gammal, lokal myte, og kanskje nærare enn ho skulle ønske.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Det er ikkje så lett å gjette kva som ventar rundt neste sving; ikkje for at historia er så genial, men etter kvart vert handlinga så pass utruleg, at kva som helst kan skje.
Den gode kjensla – 6
Ein spennande start, men så forsvinn truverdigheita meir og meir utover, og til slutt er me nærare ein slags utruleg Hollywoodfilm for ungdom på 90-talet, enn ei truverdig krimhistorie.
Avslutninga – 6
TOTAL: 7,2
One response to “SJ Bolton – DE UTVALGTE”