Oppvekstkrim på skråplanet
I denne Varg Veum-historia handlar det om det tragiske livsløpet til ein gut som i løpet av barndommen på 70- og 80-talet fyrst vert skilt frå mora, deretter opplever eit dødsfall i si fosterfamilie, for så nokre år etter å vere midt oppe i ei svært dramatisk sak. Veum fulgte guten tett i starten, og nå, då guten er vaksen, og i trøbbel igjen, spør han etter Veum.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar Varg Veum, og sterke oppveksthistorier.
(2006)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein ung gut, som Varg Veum har jobba med tidleg i karrieren, då guten var berre eit lite barn, havnar i trøbbel, og får politiet på nakken. At han har ei forhistorie, der han har vore involvert i fleire krimbrot, heilt frå barnsbein av, gjer det ikkje enklare. Men Veum vil gjerne hjelpe guten, som han veit ikkje har hatt det lett.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Historia tek seg veldig opp, og det er bra driv når me fyrst er i gong.
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Dette er ein av dei bedre VV-krimane eg har lest så langt.
Avslutninga – 8
TOTAL: 7,9