Når isen smeltar…
Liket av ein mann vert funnen nedfrossen i ei isbre, og det viser seg at dette er ein forretningsmann som forsvann for 30 år sidan.
Den pensjonerte politimannen Konrad hadde saka den gongen, og no vert han kalla inn for å gjenoppta saka. Den mistenkte frå den gong, vert nok ein gong hovedmistenkt.
Samtidig er det ei anna uløyst sak som dukkar opp, der ei kvinne vil finne ut kva som skjedde med broren hennar, som vart påkøyrd og drept, utan at politiet nokon gong fann gjerningsmannen.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har lest Arnaldur før, og veit han er en av verdas beste krimforfattarar, og er spent på ei ny serie frå den kanten.
(2017)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei gruppe turistar finn eit nedfrose lik under ei brevandring. Liket er ein mann som forsvann 30 år tidlegare, og den no pensjonerte etterforskaren som hadde den saka, vert engasjert på nytt. Ein mann var mistenkt den gong, men utan noko lik, vart han slepp fri. No er han i søkelyset på nytt.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Som vanleg skriv Arnaldur i eit bedagelig tempo, utan at det vert kjedelig av den grunn.
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Det er alltid spennande med ein ny helt, dette er den tredje serien til Arnaldur (Etter Erlendur og Flovent/Thorson-seriane) og den held virkelig mål. Gjennomført, spennande og ingen lause trådar til slutt.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,5