Tidleg tog-action
Bergensbana har ei svært fornem passasjerliste når det susar over dei snøkledde viddene forbi Hallingskarvet. I det toget køyrer inn i ein tunnel og alt vert mørkt, forsvinn eit kamera, som viser seg å innehalde veldig viktige dokument.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar klassisk norsk krim.
(1910)
Vurdering:
Plottet – 7
Asbjørn Krag er mannen som skal finne ut kva som har skjedd, då nokre svært verdifulle dokument, som har vore gøymt i eit kamera, vert borte medan Bergensbana køyrer gjennom ein tunnel.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Denne boka er 111 år gammal no, og at språket er hakket seigare enn det me er vant til. Men i denne lydbokutgava, lest av Nils Nordberg, funkar det.
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Den spesielle stemninga 100 år gamle krimmysterier har, er nok det som gjer at dei kan vere med å konkurrere mot nyare krim. Forbrytelsane er ofte intrikate nok, og vel så det, men historiene er kortare, og det er nok ikkje mykje research som ligg bak for at det virke mest mulig truverdig.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,4