RSS

Stein Ståle, Anton Beinset – DØDEN GÅR PÅ BEDEHUS

10 Mar

dødengårpåbedehusBedehusuhygge

Handlinga er sett til eit bedehusmiljø på vestlandet på 30-talet, der eit drap like utanfor bedehuset, vert etterfulgt av fleire dødsfall. For å finne drapsmannen, må lensmannen og overbetjenten frå Oslo fyrst kome seg inn i den innerste krinsen i bedehusmiljøet. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for bygdekrim med landets beste krim-innlesar.

(1945)

Vurdering:

Plottet – 7
Drap er ikkje dagleg kost i den vesle vestlandsbygda, og lensmannen får hjelp av ein forbireisande overbetjent frå Oslo, for å løyse saka. Men knivdrapet utanfor bedehuset er ikkje den einaste ugjeringa på staden. 

Karakterane – 7

Miljøskildring – 8
Forfattarane har i følge omslaget begge erfaring med bedehusmiljøet på vestlandet, og fangar godt opp den litt mørke, skumle høgtideligheita rundt det.

Språket – 7

Starten – 6

Sidesnuing – 7

Tempo – 6
Det går ikkje lynraskt her. Dette er ei bok som kom ut for 76 år sidan, og mykje har heldigvis endra seg sidan den tid. Likevel er det ikkje heilt krise, og alderen teke i betraktning, så er ikke dette så verst. 

Forutsigbarheit – 6

Den gode kjensla – 7
Kanskje ikkje den mest intrikate krimforteljinga, eller det beste persongalleriet, men stemningsfullt, og ei ok lydbok å ha på øyret no når me nærmar oss påske, mykje hjulpe av stemma og krimpatosen til Nils Nordberg. 

Avslutninga – 6

 

TOTAL: 6,7

Reklame
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: