Ein klassisk-psyko er laus
Elsa, eit ungt og stort songtalent, vert heime, medan mora og systera går på ein konsert. Når dei to kjem inn i huset, høyrer dei flott pianomusikk frå rommet hennar. Elsa har tydeligvis besøk av nokon som akkompagnerer henne. Men når dei kjem opp finn dei henne død, og har vore død ei stund. Så kven spelte på pianoet?
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei gode, gamle og litt nifse radioteaterstykka.
(1942)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein seriedrapsmann er laus. Fellestrekket er at han speler Schumann sitt «Träumerei» på piano før drapa.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Dette er som å gå tilbake til dei aller skumlaste radiohøyrespela frå barndommen. Eit klassisk krim-ramme, litt nifst, og med ein sjuk gjerningsperson. Alt ein kan be om.
Avslutninga – 8
TOTAL: 7,9