Overnaturlig på landsbygda
Ei familie flyttar inn i eit nytt hus, mellom to gamle kirker (!) i ein landsby. Men dei har knapt flytta inn, før ubehagelige ting byrjar å skje. I starten ber det mest preg av rampestreker, men så vert det meir alvorleg. Spesielt går det ut over den 10 år gamle sonen, som er sikker på at han ser eit spøkelse.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar det litt skumle og overnaturlige i ein krimthriller.
(2010)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei familie føler at nokon prøver å presse dei vekk frå landsbyen dei nettopp har flytta til. Spesielt ser det ut til å gå ut over dei unge borna.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Utover vert denne vanskeligare og vanskeligare å legge frå seg.
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 9
Den gode kjensla – 9
Denne er særs god, og i ein heilt annan liga en dei to tidligare leste, Nå Ser Du Meg og De Utvalgte, sjølv om ein i fyrstnemnte finn ei fantastisk forteljarevne.
Avslutninga – 9
Bolton klarer å halde mystikken oppe heilt til endes.
TOTAL: 8,6