Verdens fyrste krim?
Den unge maskinbyggaren Roolfsen forsvinn frå Kongsberg, og det er den allmenne oppfatning at han er drept. For det manglar ikkje på dei som helst hadde sett han død. Vertshuseigaren Herman Haitler (boka er skriven 100 år før andre verdenskrig) og kona har lenge prøvd å spleise deira eigen son med ei velståande jente i byen, for å få ny kapital inn i familien. Men jenta, Karine, forlover seg med maskinbyggar Roolfsen i staden.
Norges, og kanskje verdas fyrste krim, har så klart også med ein politimann med passande mangel på respekt for autoritetar, og ein ustoppelig hang til å finne sanninga.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er elskar gamle klassikarar, jo eldre, jo bedre.
(1839)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein ung mann forsvinn, og alle trur han er drept. Mange i Kongsberg har hatt god grunn til å kvitte seg med han, men liket dukkar ikkje opp nokon stad.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Det er 180 år sidan boka kom, og språket er dermed ikkje heilt i 2021-stil, men likevel overraskande greit samanlikna med mange andre eldre bøker.
Starten – 7
Sidesnuing – 6
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 6
Den gode kjensla – 7
Det er litt seigt, og litt vanskelig å ha oversikt over kva som skjer, men det er noko veldig fascinerande med ei så gammal historie, som har så mange likheitstrekk med dagens krimhistorier.
Avslutninga – 6
TOTAL: 6,6