Sjeldne drapsvåpen
Bok nummer tre om Kørner og Werner. Ei kvinne vert drept og dumpa i ei fontene i København sentrum. Kvinna har små symmetriske kutt på kroppen, der hovedpulsåra pumpar som verst. Så dukkar det opp fleire lik.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Københavnsetterforskarane Werner og Kørner.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Det ser ut til at ein seriemorder er laus i København, utrusta med eit våpen som kan likne på Jo Nesbø sitt panserhjerte. Ein institusjon for barn og unge ser ut til å vere det som knytter dei saman.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 7
Ei heilt ok+ bok. Syns det er eit hakk ned frå dei to fyrste, i alle fall den aller fyrste, Krokodillevokteren, som var veldig bra. Men det er litt mykje tilfeldigheter, og litt i overkant at alle skurkane knytter seg til hovudpersonane som har gått igjen i alle bøkene.
Avslutninga – 7
Den er litt tynn mot slutten, men sjølv om det ser ut til at me får alle løysingane, så nøstast det greit opp.
TOTAL: 7,8