Plutselig relevant krim
Ei 15 år gammal bok, vart plutselig hyperaktuell i fjor. Spørs om ikkje forfattaren, som seinare har bygd seg opp eit svært godt rykte, skulle ønske den ikkje vart henta opp att.
London er stengt ned på grunn av eit virus. Sjukehus må byggjast raskt, men på ei av tomtene vert arbeidet stoppa når nokon finn skjelettet av eit barn. Etterforskar Jack MacNeil, som skal slutte i politiet, får saka.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du etter eit år med korona framleis ikkje har fått nok pandemi.
(2005)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein politimann som snart skal slutte i politet, får i oppgave å finne ut kva som har skjedd med eit barn, som dei finn levningane av på ein byggeplass.
Karakterane – 6
Miljøskildring – 7
Språket – 6
Starten – 7
Sidesnuing – 6
Tempo – 7
Får kjensla av at forfattaren prøver å skape eit heseblesande tempo ved å gløyme å gi hovudpersonen motstand, og sette opp urealistiske actionscener.
Forutsigbarheit – 6
Den gode kjensla – 5
Ein svært svak krim. Lite motstand for hovudpersonen, i alle fall i forbindelse med saka. Actionstrekk som passerer for langt over grensa mot det urealistiske. Alt i alt lite underhaldande.
Avslutninga – 6
TOTAL: 6,3