Ikkje det beste Shaw har laga
To unge gutar tjener seg nokre kroner på å stjele mobiltelefonar frå folk i byen. Ein dag får dei tak i ein bag med to telefonar, ein dyr og ny, og ein litt eldre modell. Dei vert kontakta av den som eig telefonane, og får beskjed om at det ventar ein dusør om dei leverer dei tilbake. Onkelen til ein av gutane ser ei muligheit til å presse prisen litt opp, og tek på seg å levere den tilbake. Han kjem aldri igjen.
Samstundes dukkar det opp restar av ei menneske inne i eit kunstverk som er utstilt på eit lokalt galleri.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du fekk sansen for Alexandra Cupidi i dei to foregåande.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 8
To born får tak i noko dei ikkje burde ha, og eigaren jaktar dei, koste kva det koste vil. Alexandra Cupidi og Jill Ferriter jobber med ei sak der menneskelevningar har vorte funne i eit kunstverk på Turnergalleriet.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 7
I dei to foregåande bøkene, kanskje spesielt i Fuglekikkeren, var miljøskildringane svært sterke, og sette ei spesiell stemning i boka. Her manglar dette.
Språket – 8
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Grei underhaldning, om ikkje heilt spektakulær. Grei spenning, og ei truverdig avslutning.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,2