Drap i Monet sitt rike
Boka startar med ein presentasjon av tre kvinner i forskjellig alder, som skal prege historia.
Kunstsamlaren Jerome Morval, som har gjort karriere som augelege i Paris, og no er tilbake i Claude Monet sin idylliske landsby Giverny, vert funnen drept i ein kanal. Politifolka Serenac og Benavides finn, til tross for at begge er blenda av den vakre Stephanie Dupain, ut at eit liknande drap skjedde her, tilbake i 1937.
Heile historia kretser rundt Monet sine vannliljer, som han malte her, og gjorde staden til eit mekka for impresjonistar verda over.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for omfattande historier som vert nøsta fint saman.
(2011)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein mann vert funnen drept i ein kanal, og det manglar ikkje på folk som kunne vore interesserte i å ønske livet av han. Men for å finne løysinga, må politiet sjå tilbake i tid, den gong eit svært likt drap vart begått i same landsby.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Stemningsfullt og glitrande.
Språket – 9
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 9
Uforutsigbare tvistar, men kanskje litt for komplisert til slutt?
Den gode kjensla – 8
Som alltid grundig og omfattande krim frå Bussi. Spennande, stort persongalleri, god samling av trådar, med kanskje ein liten mangel mot slutten. Den når nok ikkje heilt opp til Tiden er en Morder eller Etter Styrten.
Avslutninga – 7
TOTAL: 8,1