Langdrygt og mørkt
Tre historier: Rikmannsonen Erik Tre Rosor vert sendt til Vest-India fordi han heng for mykje med ei langt under sin rang. Lukka har snudd for Anna Stina Knapp, frå 1793; ho ventar born, og får augene på ei formue. Ei anna kvinne som kjem til Mickel Cardell og ber om hjelp. Dottera hennar er død, og ho trur ikkje på historia om at ho er drept i eit ulveangrep. Dei tre historiene vert tvinna saman, i eit mørk og omfattande nett.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar omfattande og historisk krim.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein rikmannsson vert sendt til den svenske utposten Saint-Barthelemy, i Vestindia, etter å ha fått kjensler for dottera til ein av farens undersåttar. På øya vert han sjokkert over slavehandelen, og kjend med ein svenske som hjelper svenskane å rømme. Så døyr faren, og han står fritt til å reise heim for å gifte seg, og tek med seg sin nye venn.
Karakterane – 8
Djupe og fine karakterar, med solide bakgrunnshistorier.
Miljøskildring – 9
Språket – 8
Omstendelig, men likevel lettflytande.
Starten – 8
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ei solid og spennande historie, til tider litt langdryg, men alt i alt ei leseoppleving langt inne på plussida.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,8