RSS

Hanne Gellein – ALLE FUGLER SMÅ

10 Aug

allefuglersmaaMange ingrediensar, skuffande måltid

I Trondheim vert fleire born drepne, og patologen Silje og den tatoverte og tøffe Luca, som ho nettopp har møtt, ser ein samanheng mellom dei, og tek opp jakta på dei skuldige. 

Dette er ei bok som har mange av dei rette ingrediensane i ein god krim, men kvaliteten på ingrediensane er så som så. Hemmelige nettverk, ingen å stole på, mørk fortid, ein mystisk, tøff, tatovert it-person med eit namn til forveksling likt Lisbeth Salander (Luca Stellander).

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for at andre er smartare enn politiet og løyser ei krimgåte. 

(2020)

Vurdering:

Plottet – 7
Det er ein barnedrapsmann laus i Trondheim. To romgutar vert funne drepne, og patologen Silje meiner det er ein samanheng. 

Karakterane – 6

Miljøskildring – 7

Språket – 7
Det er mange spenningselement her, men ingen av dei vert skikkelig utløyst, og hovudpersonen må ofte sei eller tenke høgt hint som tek oss vidare, i staden for at det skjer naturleg. 

Starten – 7

Sidesnuing – 6
Det vert aldri skikkelig spennande, det er ikkje er nokon stad der ein tenker «dette kjem ikkje hovudpersonane seg ut av».

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 6

Den gode kjensla – 5
Boka trykker på mange av dei riktige knappane, men trykker ingen av dei hardt nok inn, dessverre. Dei to hovudpersonane gir seg ut på eigenhand, som i så mange krimbøker, men her vert det til tider for urealistisk. Det er heller ingen motstand på denne ferda, og det er litt pussig når ein av hovudpersonane uttalar noko a la «endelig noko som går vår veg» mot slutten. Klarer ikkje å komme på noko som har gått veldig i mot dei.

Avslutninga – 6

 

TOTAL: 6,4

 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: