RSS

Maria Lang – ROSER, KYSS OG DØDEN

12 Aug

roserkyssogdødenUspennande idyll

Christer Wijk har forlova seg, og Puck og Einar reiser til den komande svigerfamilien hans, for å helse på. Det startar med ein herregardsidyll, med ein imponerande rosehagen, men det tek ikkje lang tid før far i huset, Fredrik Malmer, vert alvorleg sjuk, og døyr veldig brått. Eit anna familiemedlem, som skulle vake ved sjukesenga, vert funnen i unormal djup søvn. Noko er åpenbart ikkje som det skal vere, men det virker ikkje som om Christer Wijk vil prøve å finne ut av det.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim blant roser, teselskap og rike gamlingar. 

(1953)

Vurdering:

Plottet – 7
Patriarken i familien Malmer døyr plutselig, under mistenkelige omstendigheiter, og sidan etterforskaren Christer ikkje virkar vidare interessert i å grave i historia til sin komande forlovede, må Puck gjere det sjølv. Og skapet til Malmer-familien er ikkje skjelett-fritt.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 7
Naivt og enkelt, men flyt lett til å vere snart 70 år gammalt.

Starten – 7

Sidesnuing – 6

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 6
Dei er ikkje så ulike kvarandre, disse Maria Lang-bøkene, men denne var nok hakket meir kjedelig enn dei fire fyrste. Det skjer litt lite, mangelen på klare vendingar i historia er litt for tydelig, og det meste er gløymt i det ein blar om siste side. Sjølv om karakterane er morsomme her. Ei fin samling gamle tanter, og gjerne minst ein klarsynt, har aldri skada i ei krimhistorie.

Avslutninga – 6

 

TOTAL: 6,9

 
Kommenter innlegget

Posta av den 12/08/2021 tommar 50-talet, familie, gamle dagar, lang, sverige

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: