RSS

Sjöwall & Wahlöö – ROSEANNA

19 Aug

roseannaBeck begins…

Den aller fyrste boka om Martin Beck. 

Ei ung kvinne vert funnen mishandla og drept i ein kanal, og den einaste ledetråden politiet har, er at ho muligens har blitt kasta frå ein av båtane som går her. 

Etter mykje fomling i mørket, finn dei endelig ut identiteten hennar, ho er Roseanna McGraw, frå USA, på tur åleine i Skandinavia. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar serien om Beck, og er nysgjerrig på korleis det starta. 

(1965)

Vurdering:

Plottet – 7
Politiet slit med ei sak, der dei ikkje veit kven offeret er, kva som har skjedd, eller kven som kan ha gjort det. Men etter nitidig arbeid, får dei resultat. Kvinna er ein amerikansk turist, som har vore passasjer på kanalbåten Diana. 

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 7

Starten – 7

Sidesnuing – 7
Ei spennande historie, fortalt i sakte tempo. Kan minne litt om Rebus-serien i oppbygging av saker, men kanskje enda treigare. Men det vert meir og meir spennande utover.

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 8
Ei bok som skil seg ganske mykje frå TV-serien. Har tidlegare lest bok nummer 4, Døden tar buss, og denne skil seg så vidt eg huskar ganske mykje frå den også. Me møter både Beck og Gunnvald Larson, men dette er på 60-talet, og mykje er annleis. Heile politistyrken er meir hardbarka, det er mykje fokus på nakne kvinnekroppar, og dei unge jentene er forderva.

Avslutninga – 6
Litt lettvint.

 

TOTAL: 7,3

Reklame
 
 

One response to “Sjöwall & Wahlöö – ROSEANNA

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: