Gammaldags politikrim
Her har det gått litt i krøll for lydbokleverandøren min, som meiner dette er bok nummer to, når det faktisk viser seg å vere den tredje. Men NOK.OM.DET.
Denne er nok litt meir hardbarka enn den fyrste. Samtidig som ein ranar gjer Stockholmsparkane utrygge på kveldstid, vert ei lita jente funnen drept og misbrukt. Og det kan virke som om park-ranaren kan ha vore vitne til dette. Så då hastar det med å få ta i han, og å få han til å snakke.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar litt retro krim, eller er såpass gammal at du minnes denne forteljarstilen med glede.
(1967)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei litt komplisert sak. Gunnvald Larsson kjem ikkje noko veg med ein ranar som herjar i parkane på kveldstid, men då ei lita jente vert drept i ein park, og det like før vart begått eit ran, tyder ting på at kanskje ranaren kan ha sett drapsmannen.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Eit mønster byrjar vise seg her: Minst ein grundig beskrivelse av ei naken kvinne, politi som ikkje har det så enkelt på heimebane, og eit tilsynelatande umulig sak, som plutselig løyser seg.
Avslutninga – 6
Igjen; skulle ønske det var litt meir glidande overgong mellom å ikkje ha nokon spor, og å ha løyst heile saka.
TOTAL: 7,2
One response to “Sjöwall & Wahlöö – MANNEN PÅ BALKONGEN”