Meir Piet Hoffmann-action
Den tredje boka med Piet Hoffmann som hovudperson. Denne gongen jobbar han i Afrika, med å beskytte naudhjelpstransportar, når han får ein oppdrag frå det svenske politiet. Ein kontainer med døde flyktningar vert funne i ei svensk hamn, og Ewert Grens og det svenske politiet treng hjelp til å finne menneskesmuglarane.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi om du har lese dei foregåande bøkene, så er du enig i at dette er noko av det fremste innan skandinavisk krimspenning dei siste åra.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein kontainer med flyktningar vert funne i Sverige, og alle er døde ved ankomst. Ein av dei har ein satelittelefon sydd inn i kleda, og på den finn politiet fingeravtrykket til Piet Hoffmann, som for tida opererer i Afrika. Ewert Grens reiser nedover for å konfrontere han, og å få hjelp til å stoppe ligaen som smuglar menneske til Europa.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Hoffmann/Grens har vorte ei underserie i serien om Ewert Grens, og dette er den tredje i rekka. Fartsfull og spennande, og til tider vanskeleg å legge frå seg.
Avslutninga – 8
Historiene om Piet Hoffmann er solide, og kvaliteten og spenninga held seg heile vegen.
TOTAL: 8,5