RSS

Aurstad & Westberg – STRÅMANN

17 Okt

stråmannÅ vende heim med halen mellom beina

Oversetjaren Robert Vinter, som har hatt litt motgang i livet, ser endelig ut til å ha gjort det stort, etter å ha oversett ein stor internasjonal hit. Men då det viser seg at han har kopiert ein del av den spanske boka frå ei engelsk oversetting, som ikkje var særleg bra, går det på tverke igjen. Robert tek på seg eit oppdrag der han skal skrive ei bok om den lokale jernbana på heimstaden Raumer, men viklar seg inn i ei suppe av lokale heltar, miljøkriminalitet og tvilsomme personar. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar spennande bygdekrim med eit snev av samfunnskritikk. 

(2020)

Vurdering:

Plottet – 7
Robert Vinter reiser frå Oslo og heim til barndomsbygda, der han skal hjelpe den lokale kjendisforfattaren med ei bok om jernbana på staden. Kjendisforfattaren Pål Hansson har tidlegare skrive ein roman som alle i bygda veit er basert på den lokale forretningsmannen Reidulf Haug. Kjapt blussar konflikta mellom Hansson og Haug opp, og det er nok ingen spoiler å antyde at minst ein av dei ikkje kjem gjennom denne historia med livet i behald. 

Karakterane – 7

Miljøskildring – 8
Litt dyster småbygd, noko forvirrande at den er kalla Raumer, sjølv om det er eit namn som er i bruk på Romerike, all den tid det fins ei kommune som heiter Rauma, og at begge har ei jernbane som heiter hhv Raumabana og Raumerbana, hjelp ikkje på forvirringa.

Språket – 8
Solid og trygt språk, av to erfarne forteljarar. Camilla Westberg er i alle fall eit namn eg har snubla over meir enn ein gong, som oversetjar av krimbøker eg har lest. 

Starten – 7

Sidesnuing – 7

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 7
Ein grei krim, som kanskje ikkje tek heilt tak, og ein får aldri nokon sterke kjensler for hovudpersonen.

Avslutninga – 7

 

TOTAL: 7,2

Reklame
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: