Kalde saker som ikkje er kalde
På slutten av 60-talet fanga seriemordaren Larry Glassbrook tenåringar, og begravde dei i heimelaga kister, saman med ein liten figur av leire.
No er Glassbrook død, og etter å ha vore i begravelsen hans, bestemmer etterforskar Florence Lovelady, som arresterte han for 30 år sidan, seg for å besøke det gamle huset hans. Der finn ho ein figur i leire, som virkar å vere mykje nyare enn dei 30 åra Glassbrook har vore fengsla, og ikkje minst – den ligner på henne sjølv.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim med litt pirrande uhygge.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
30 år etter at ein grusom drapsmann vart sett bak lås og slå, finn etterforskaren som arresterte han, teikn på at nokon held fram det han ein gong starta på.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 8
Ein spennande og ubehagelig krim, som føyer seg inn i rekka av stadig bedre bøker frå Sharon Bolton. Fortid og notid vert miksa saman på ein elegant måte, som driv historia framover.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,0