Omfattande spionthriller
Eit tenåringspar forsvinn frå ei strand i Sør-Korea. Den amerikanske faren og koreanske mora gir etter kvart opp at ho skal dukke opp att, og tek med seg tvillingsystra til USA. Men Jenna klarer aldri å legge frå seg kjensla av av systra framleis er i live, og når ho etter kvart vert verva av CIA, dukker det opp muligheiter for å finne ut meir om ein spesiell teori – at systra vart kidnappa av Nord-Korea.
Parallelt følger me historia til ei eldre fattig kvinne i Nord-Korea, og ein leiande offiser i det nord-koreanske diplomatiet.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar tettpakka thriller-krim i notidsinnpakning.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 9
Jenna Williams vert plukka opp av rekrutteringssystemet til CIA, etter at ho viser stor interesse for Nord-Korea, som ho meiner kidnappa systra hennar for tolv år sidan. I Nord-Korea følger me den eldre kvinna Moon, som får ein ny sjanse då ho finn ein hjelpepakke som er sluppen frå fly, og får solgt varene for å kickstarte eit nytt liv med ein liten stand på det lokale torget.
Karakterane – 9
Ei omfattade historie, og gir oss god til å verte kjende med karakterane, og dei intrikate bakgrunnane deira.
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Starten – 9
Sidesnuing – 9
Tempo – 9
Forutsigbarheit – 9
Den gode kjensla – 9
Ei spennande og god bok, som både er full av overraskande vriar og er vanskeleg å legge frå seg. Timevis med god lesing.
Avslutninga – 7
TOTAL: 8,8