Alle historier har to sider
Den unge Sophie har alt ho kan drøyme om. Draumemannen, ein jobb folk flest kan sjå langt etter, flott leiligheit og ei baby i magen. Men stadig oftare får ho ei kjensle av å gløyme ting, ikkje huske kvar ho har lagt frå seg noko, kvar ho har parkert, og ho har blackouts. Litt etter litt, mister ho det perfekte livet, bit for bit. Det heile toppar seg når ho vaknar og finn guten som ho er dagmamma for, død. Ho huskar ingenting, og må berre kome seg vekk.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for psykologiske hevnthrillerar.
(2009)
Vurdering:
Plottet – 8
Eit liv som er i ferd med å gå i ruinar på grunn av aukande hukommelsessvikt, og som kulminerer i eit barnedrap. Sophie må flykte, og undervegs skjer det fleire drap. I den nedadgåande spiralen er det ingen andre enn ho sjølv som kan finne vegen ut.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 8
Ei bok med to «stemmer». Den fyrste har ei svært spennande historie, men samtidig gjer det det vanskeleg for den andre å vere like spennande.
Avslutninga – 9
TOTAL: 8,1