Menneskejakt, seriedrap og krim
Thorkild Aske får tilbod om å hjelpe Milla Lind, ein av landets mest kjende krimforfattarar, til å gjere research til ei ny bok. Men det viser seg raskt at jobben er ein litt anna enn tenkt, og det ikkje er litterært innhald Aske vert sett til å framskaffe.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste Aske-boka, og vil ha med deg fortsetjinga.
(2018)
Vurdering:
Plottet – 8
Thorkild Aske er ferdig i politiet, og etter dramaet i Nord-Norge, vert han spurt om å hjelpe krimforfatter Milla Lind med å gjere research til den nye boka hennar, som skal avslutte ei større suksess-serie. Det høyrer med til historia at forgjengaren til Aske i rolla, vart skoten på åpen gate.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 6
Historia startar spennande og det er mange parallelle trådar å følge, men det er ei stigande kjensle av at det er ein disharmoni mellom viktigheita av saka og omfanget av etterforskinga/sirkuset rundt. Det kjennes som det heile fislar litt ut mot slutten.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,5