Fedrenes synder
Thorkild Aske tek med seg systra Liz til Island, der faren deira, ein islandsk miljøkrigar med uhelbredelig kreft, no har vorte arrestert for drap. Motvillig byrjar Aske å grave i saka, som viser seg å ha forgreiningar tilbake til den periode mor deira flytta frå faren, og tok meg seg ungane heim til Norge.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du syns komboen nordisk noir, island og saker med utspring i gamle dager, er uslåeleg.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 8
Miljøkrigaren Ulfur er arrestert for drapet på ei nederlandsk kvinne som var meg i gruppa hans, og som han hadde eit forhold til. Når Thorkild Aske byrjar sjå på saka, viser det seg at fleire frå den gamle gruppa er drepne, og drapa har skjedd medan faren er i fengsel. Noko skjedde den gongen mor til Aske tok med seg han og søstera Liz tilbake til sitt heimland Norge, og lot den islandske faren deira bli igjen, og det som skjer i dag, er knytt til dei hendingane.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Språket – 9
Levande skildringar av ein oppvekst som barn av ein klimakrigar, i eit Island i rask utvikling.
Starten – 8
Sidesnuing – 8
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 7
Ei omfattande historie, der det til tider tek litt tid å kome framover, men alt i alt ei spennande og variert bok. Men eg kan ikkje fri meg frå tanken frå forrige bok; er det ikkje å overreagere litt? Står virkelig handlinga i boka i stil med årsaka til handlingane?
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,9