Profet i eigen småby
Sonen til småbydirektøren vert drept, og Kriposetterforskar Harinder Singh vender tilbake til heimstaden han ikkje kunne forlate raskt nok. Ei ung jente i kretsen rundt den drepne, forsvann for ei tid tilbake, og det kan virke som alle byen har noko dei prøver å dekke over.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for krim som røskar opp i småbyhemmeligheiter.
(2019)
Vurdering:
Plottet – 8
Harinder Singh trivdes aldri i den fiktive småbyen Elvestad, og når han no vender tilbake som Kriposetterforskar for å etterforske eit drap, er ting stort sett som han huskar det. Davidsenfamilien som eig den lokale fabrikken, er framleis småkongar, og det er sonen Axel som er drapsofferet. I tillegg forsvann Carina, ei jente som Axel ofte hang saman med, nesten to år tidlegare.
Karakterane – 7
Dei to hovudkarakterane Singh og Hauge er fine, men ein del av dei andre er litt tynne, og innbyggjarane som sjølvsagt skal bygge eit bakteppe av «bygdedyret» vert litt for einsformige.
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ei bok som er ganske lovande, og gaper høgt, men ikkje heilt innfrir. Men ein vert nysgjerrig på meir. Ein spennande hovedkarakter, litt for forutsigbart, men med ein del potensiale.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,3
One response to “Sven Petter Næss – DEN STILLE UKE”