Norsk-skotsk samarbeid
Niesa til Harinder Singh vert bortført i Edinburgh, og vert seinare funnen livlaus i ei elv. Singh reiser over for å finne ut av det på privaten, og saman med ein pensjonert skotsk politimann, finn han ut at kidnappinga har samanheng med ting som har skjedd i Oslo tidlegare.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likte den fyrste boka om Harinder Singh, og er nysgjerrig på korleis det går vidare.
(2020)
Vurdering:
Plottet – 7
Amandeep Kaur, niesa til Harinder Singh vert utsett for kidnapping i Edinburgh, og det viser seg at dette har tilknytning til eit miljø i Oslo ho har vanka i tidlegare.
Karakterane – 7
Hovudpersonane er gode, så tynnast det litt ut i rekkene. For dei som kjenner sin Edinburgh-krim, vil nok skurken «Dirty» Harry Callahan minne veldig om Big Ger Rafferty.
Miljøskildring – 8
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 7
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ei ok bok, men det uforløyste frå den fyrste boka om Singh, Den Stille Uke, er ikkje innfridd, og forventingane ligg der framleis.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,2