Pandemi og papirmangel
Eit svært verdifullt manus, forsvinn frå forlaget, og redaktør Ebba Braut må bruke dei fyrste dagane av pandemien på å prøve å oppspore det. Samtidig finn politimannen Henrik Holme ei død kvinne i eit bagasjerom. Ansiktet er knust, og ingen har meldt kvinna sakna. Han må ty til den no pensjonerte Hanne Wilhelmsen for hjelp.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar har lest Anne Holt tidlegare, og kjenner kvalitetsnivået.
(2021)
Vurdering:
Plottet – 8
Ei kvinne vert funnen død i bagasjerommet på ein bil, med ansiktet fjerna. Pensjonerte Hanne Wilhelmsen vert bedt om å hjelpe til. Ho har jobba med eit bokmanus, og kjem på den måten i kontakt med redaktøren Ebba Braut, som også treng hjelp. Ho har nemlig fått ansvaret for det siste manuset til landet største forfattar, som er kjent for å ikkje ta kopiar av manusa sine, og sjølvsagt er det borte.
Karakterane – 9
Miljøskildring – 10
Oslo under pandemien vert behandla på ein måte som får deg til å gjenoppleve korleis det var, uten å virke påklistra.
Språket – 9
Starten – 8
Sidesnuing – 9
Tempo – 8
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Ei virkelig god bok om Hanne Wilhelmsen. Solide historetrådar, som vert nøsta opp på glitrande vis.
Avslutninga – 8
TOTAL: 8,6