World Wide Wisting
Eit crowdsolving-nettsamfunn jobbar med å løyse ei drapssak i Spania, der ein australsk backpacker er offeret. Eit av medlemmane i gruppa kallar seg Astria, og meiner ho er nær ei løysing, før det vert heilt stille frå henne. Då kontaktar leiaren av gruppa Wisting, for å få hjelp. Det virker nemlig som om Astria held til i Stavern-området. Samtidig dukkar det opp ein forlatt bil med spanske skilt utanfor Larvik.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du du likar krim som tek for seg moderne fenomen.
(2021)
Vurdering:
Plottet – 7
Wisting skal hjelpe ei gruppe etterforskningsentusiastar med å finne ein av dei viktigste bidragsytarane deira, som har forsvunne i Stavern-området. Undervegs finn han spor som gjer at han vert knytta til sjølve saka som gruppa etterforsker.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 7
Det er litt vanskeleg å verte like hekta på denne, som ein er van til å verte av Wisting-bøkene.
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 7
Det er noko litt seigt og uforløyst over denne. Det går litt sakte, ein slit litt med å verte så engasjert som ein ønsker, og det er ikkje spennande nok.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,5