Den utålelige forfattaren
Den unge sekretæren Malin får jobben med å skrive ut den hensynslause og mislikte forfattaren Andreas Hallman si siste bok. Det er trykka stemning i huset frå det øyeblikket ho kjem, og det blir ikkje bedre stemning av at det blir begått eit drap der, for å sei det sånn. Christer Wijk kjem til, og når Malin fortel han det ho veit, vert ho minst like upopulær som forfattaren sjølv.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for Christer Wijk si mysterieløysing.
(1958)
Vurdering:
Plottet – 7
Eit hus med ein pater familias som ikkje akkurat er ein godt likt mann. Ein ung sekretær flyttar inn og vert vitne til eit drap i huset, og stemninga mellom bebuarane vert om mulig endå kaldare.
Karakterane – 7
Miljøskildring – 7
Språket – 7
Starten – 6
Sidesnuing – 6
Tempo – 6
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 6
Christer Wijk får stadig meir plass i disse historiene, som sjølv om dei handlar om forskjellige saker, framstår meir og meir like.
Avslutninga – 6
TOTAL: 6,5