RSS

Ruth Lillegraven – AV MITT BLOD

06 Jun

avmittblodEin annleis oppfølgar

Landet ferske justisminister Clara Lofthus kjem heim til eit tomt hus. Tvillingane er borte, og ho får beskjed om at dersom ho varslar nokon, døyr dei. Berre ved hjelp av si nyutnevnte livvakt, ekssoldaten Stian, må Clara finne igjen sønene før det er for seint.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du slukte den fyrste boka om Clara Lofthus, og er spent på fortsetjinga.

(2021)

Vurdering:

Plottet – 8
Tvillingane til justisministeren vert kidnappa, og spora leier heim til vestlandet, der ho har prøvd å legge ein traumatisk oppvekst bak seg. Ein bør nok lese den fyrste boka, Alt er mitt, for å henge heilt med i svingane her. 

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 8
Det fungerer forholdsvis godt å veksle mellom fleire forteljarstemmer, og det er også med på å få opp tempoet i historia.

Starten – 8

Sidesnuing – 7

Tempo – 8

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 6
Denne historia har teke store steg frå den fyrste boka, og ikkje nødvendigvis i rett retning. Der den fyrste var ein spennande og engasjerande thriller, er denne mykje meir i retning tullete Hollywood-action. Ja, det var nokre ting du måtte legge godvilja til for å henge med på i Alt er mitt også, men her er det i overkant mange urealistiske valg som vert gjort. 

Avslutninga – 7

TOTAL: 7,5

Reklame
 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: