Morsomt og stressande tull
Historikaren Bror Anton Lamsen er mannen som må ordne opp, etter at ein museumsdirektør vert funnen drept i Nasjonalgalleriet. På vegen mot løysinga må han løyse ein haug med gåter, den eine meir absurd enn den forrige, samstundes som han har eit kobbel av folk som prøver å stoppe han, i hælene.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er nysgjerrig på humorversjonen av Da Vinci-koden.
(2005)
Vurdering:
Plottet – 6
Ein museumsdirektør vert funnen drept, og kven er bedre til å etterforske drapet, enn ein kongehistorikar?
Karakterane – 6
Miljøskildring – 6
Språket – 7
Starten – 7
Sidesnuing – 5
Det er nok meir humoren enn spenninga som driv lesaren framover her.
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 6
Den gode kjensla – 6
Det er gøy med parodibøker, men dette vert i overkant stressande. Det er lessa på så mange gåter og virkemiddel frå Dan Brown og Tom Egeland-verda, at det blir altfor mykje. Stressande, vanskeleg å følge med, og altfor mykje absurditet. Dette er ein heilt annan sjanger og ei anna verd enn Oberon Qvist-bøkene til Nærum.
Avslutninga – 6
TOTAL: 6,2