Solid, til tross for tullete idé
Ein seriemordar drep forfattarar på same måte som dei tek livet av karakterane sine i krimbøkene dei skriv. Profileren Fiona Cameron hjelper politiet i Spania i ei av disse sakene, og vert bekymra fordi sambuaren hennar også er krimforfattar.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar den litt omfattande krimmen som McDermid står for
(2001)
Vurdering:
Plottet – 8
Ein seriedrapsmann tek livet av krimforfattarar, og bruker same metoder som deira litterære drapsmenn gjer i bøkene. Hovudpersonen i boka er ein profiler som bur saman med ein krimforfattar, og prøver å overbevise han om at han kan vere i fare.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 7
Språket – 8
Starten – 7
Sidesnuing – 8
Tempo – 8
Det er jamnt driv heile vegen. Det er ein hårfin balanse i disse krimbøkene som prøver å bite over meir enn berre sjølve plottet, om ein får fram djupde og bredde i historia og karakterane, utan at det går på bekostning av tempo og framdrift. Men her landar me på rett side.
Forutsigbarheit – 7
Den gode kjensla – 7
Ein god krim, sjølv om innpakninga føles litt i overkant fantasifull. Omfattande og ambisiøst.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,5