Klassikar
Hercule Poirot er på ferie i Egypt, då sosietetskvinna Linnet Doyle tek kontakt. Ho og ektemannen er på bryllupsreise, og vert plaga av eksen til mannen, den tidlegare bestevenninna hennar, Jacqueline de Bellefort. Det kulminerer i at Jacqueline skyt Simon Doyle på båten, og samme natt vert Linnet funnen død på lugaren sin.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi dette muligens er ei av verdas mest kjende krimhistorier.
(1937)
Vurdering:
Plottet – 8
Eit nygift ektepar vert plaga av ei kvinne, som tidlegare var kjæraste med mannen og bestevinna til kvinna. Ho har fulgt etter dei heilt til Egypt, og det endar i tragedie.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 9
Språket – 7
Starten – 8
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Ikkje all verda til tempo her heller, men denne er litt meir tettpakka med handling enn den jamne Poirot-historia.
Forutsigbarheit – 8
Den gode kjensla – 9
Dette er kremen av dei gamle, britiske krimklassikarane. Den gir påskekjensla, same kva tid på året du les den.
Avslutninga – 9
TOTAL: 8,0