RSS

CJ Tudor – DE ANDRE

03 Jul

deandreKomplekst og spennande

Gabe er på veg heim frå jobb, då han får auge på dottera Izzy i baksetet på ein framand bil. Han følger etter bilen til han mister den, men har ikkje batteri på telefonen, så han får ikkje ringt heim før han må stoppe. Då får han beskjed om at kona og dottera er drept av nokon som har brote seg inn i huset. Han prøver å overbevise politiet om at han nettopp har sett dottera. 

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar intrikate historier, med mange tråder i aust og vest.

(2020)

Vurdering:

Plottet – 9
Ein mann meiner å ha sett dottera si i ein framand bil, etter at politiet og svigerforeldra hans meiner at kona og dottera vart drept av ein ukjent. I årevis leiter han etter henne, vitande om at han sjølv har vore i politiet sitt søkelys for drapa. I ei parallell historie følger me ei ung kvinne og ei jente, som stadig må flykte, og der kvinna opplever at uhyggelige ting skjer med jenta. 

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 9

Starten – 9

Sidesnuing – 8

Tempo – 7
Ei såpass omfattande historie, med såpass mange retningar og lause trådar, har vanskeleg for å halde oppe tempoet, medan alt skal etablerast. Men det lave tempoet er verdt all ekstra kunnskapen me får her.

Forutsigbarheit – 9

Den gode kjensla – 8
Ei svært solid og spennande bok, om enn noko tung somme stader. Det er lag på lag med historier, karakterar og retningar, og stort sett klarer forfattaren å halde tunga rett i munnen.

Avslutninga – 8

 

TOTAL: 8,3

 
 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: