Treig og traust Beck
Bedriftstoppen Viktor Palmgren vert drept under ein middag på ein restaurant i Malmö, og drapsmannen hoppar ut av eit vindu og vert borte. Palmgren etterlet seg eit enormt imperium, og det er fleire som gjerne vil ha ein bit av det. Martin Beck vert henta frå Stockholm for å løyse saka.
Dette er den sjette boka om Beck.
KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar dei klassiske Beck-historiene.
(1970)
Vurdering:
Plottet – 7
Ein attentatmann kjem inn på Savoy Hotell i Malmö og skyt den velståande forretningsmannen Viktor Palmgren i hovudet. Så hoppar drapsmannen ut vindauget, og vert borte. Martin Beck vert henta ned frå Stockholm for å finne ut av det.
Karakterane – 8
Miljøskildring – 8
Språket – 8
Starten – 8
Sidesnuing – 7
Tempo – 7
Forutsigbarheit – 7
Denne boka skil seg litt frå dei andre Beck-bøkene, med tanke på slutten, og skyt seg sjølv litt i foten, avslutningsmessig. Eller?
Den gode kjensla – 7
Stemningsfull, men litt for treig, og noko handlingsfattig.
Avslutninga – 7
TOTAL: 7,4