RSS

Liza Marklund – POLARSIRKELEN

07 Aug

polarsirkelenLitt for dårleg tid i avslutninga

Sommaren 1980 forsvinn ei ung jente sporlaust frå ein liten by nord i Sverige. 39 år seinare vert liket av ei ung jente funnen, murt inne i fundamentet til ei bru som vart støpt i 1980. Dei fem venninnene Carina, Susanne, Birgitta, Sofia og Agneta hadde i 1980 ein lesesirkel dei kalla Polarsirkelen, og no som den femte av dei vert funnen død, samlast dei fire andre på nytt.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar krim som avdekker gamle hemmeligheter. 

(2021)

Vurdering:

Plottet – 8
Ei ung jente forsvinn ein seinsommardag i 1980, i ein liten by med mange amerikanske framandarbeidarar, og ei lokalbefolkning som står på for å legge til rette for ein amerikansk prøvesprengingsbase. 39 år seinare vert jente funne, rett utanfor byen.

Karakterane – 8
Ein fint samansett lesegruppe, der alle fem får fortelje sine historier frå tida rett før forsvinninga.

Miljøskildring – 8

Språket – 8

Starten – 8

Sidesnuing – 8

Tempo – 7
Boka tenderer litt mot det biografiske i dei fem jentene si fortid, og tempoet i sjølve krimmen vert drege litt ned til tider.

Forutsigbarheit – 7

Den gode kjensla – 8
Ein god krim, om enn med mykje fokus på oppveksten på 80-talet.

Avslutninga – 6
Om historia er litt langdryg, så kjem slutten litt for brått på. Me vert presentert for mange mulige utfall, og så plutselig får me løysinga, litt ut av det blå?

TOTAL: 7,6

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: